
Sveinung Rotevatn
@rotevatn
Liberal europear frå Nordfjordeid. Stortingsrepresentant og nestleiar i @Venstre // Norwegian liberal MP
ID: 19764533
30-01-2009 12:07:00
37,37K Tweet
41,41K Followers
2,2K Following




Eg har ikkje heilt gitt opp Twitter enno. Men sidan eg ser skipet synke stadig lengre ned i djupet av trolling, falske kontoar, porno og ragebait, er det jo greit å skaffe seg ein livbåt. De finn meg som Sveinung Rotevatn på Bluesky også.


Då har eg testa Bluesky i eit par dagar, og dette er verkeleg lovande. Bra med aktivitet, mykje kjentfolk frå Twitter og mykje nyttig innhald. For dei som er lei av shitpostinga her inne er det berre å ta steget over. (og de finn meg som Sveinung Rotevatn der også)



Veldig nyttig podkast frå Wolfgang Wee Uncut, dette. Praktisk å få ufiltrerte talepunkt frå Kreml på norsk, så slepp ein å lære seg russisk. Og fråværet av kritiske spørsmål gjer at ein får med seg heilskapen i narrativet.


Må Sp forlate regjeringa? Eg trur ja, vi tar diskusjonen. Pluss dagens verkelege bombe: Ingvild Wetrhus Thorsvik har vore på gardsbesøk i Stavern og blitt portrettert av Odd Nerdrum! open.spotify.com/episode/6d82yV…



Er det eigentleg noko poeng med all denne klimapolitikken, sjølvpiskinga, vindkrafta og ENØK-tiltaka - når Kina uansett står for ein tredel av globale utslepp? Eg har hatt ein lang grundig diskusjon med Nils August Andresen i Minervapodden: open.spotify.com/episode/7szvQC…





Korleis kunne det skje at Stortinget vedtok djuptgripande krisefullmakter til regjeringa før påske, men så snudde på femøringen etter eit facebook-innlegg? Eg har tatt ein prat med ho som har ropt for døve øyre i månadsvis, Ingvild Wetrhus Thorsvik. Lytt her: open.spotify.com/episode/01bBJu…



Etter nokre bekmørke år i ruspolitikken kom det ei strime av håp i dag. Venstre, Ap, Høgre og SV er einige om eit kompromiss som flyttar ruspolitikken mange steg i riktig retning! Godt jobba, Ingvild Wetrhus Thorsvik & co! venstre.no/artikkel/2025/…

Svært presis kommentar frå Kjetil B. Alstadheim om revidert nasjonalbudsjett. Men snakk om tapt moglegheit til å illustrere kommentaren med ein god, gamaldags meme. aftenposten.no/meninger/komme…
